Lev litt ekstra - Tobias og Tomine

  • 100,-

Et spesielt armbånd mellom de to som skulle blitt søsken, Tobias og Tomine.


På lager.
Del

Planen var å få disse i en fin blanding av rosa og orange, men det ble veldig mye orange i forhold til rosa. Det er dessverre minimalt med rosa på disse.

Jeg prøver å plukke ut de med mest rosa på når jeg sender ut. Bare til info :) Det står Tobias & Tomine på innsiden av denne varianten.


Tomine skulle hatt en storebror, som kunne passe på henne og være til hjelp og støtte i livet. Sånn ble det ikke. Hun må vokse opp uten Tobias. Men på en måte så kommer Tobias til å hjelpe henne allikevel. Fordi, dette armbåndet som er laget som et søskenarmbånd til Tobias og Tomine vil være med på å gi Tomine økonomisk støtte, penger fra salget av dette armbåndet vil bli satt inn på Tomine sin konto 🩷🧡 Så ved å kjøpe dette armbåndet er du med på å gi et bidrag til lille Tomine sin fremtid🥰


Det største og finaste som kunne skje meg har skjedd. Som den aller største kontrast etter at Tobias døde. Eit lite nytt liv skapt. Eit lite menneske. Tomine. Tobias har blitt storebror og eg mamma igjen. Då passa det så fint å lage eit armbånd med dei begge på. Tomine vil vokse opp med desse orda frå storebror «LEV LITT EKSTRA» 💖🧡

Tobias på 17 år; min einaste gut som brått og brutalt blei frateken  livet som han elska så høgt. Dagen der Tobias mistar livet endrar og  livet til oss som lev igjen. Sjokket, uverkelegheita og den enorme sorga  etterpå er ubeskriveleg. Korleis fortsetje eit liv utan Tobias? Eit  dikt som kom til meg etterpå var dette: «Ikkje gløym å leva sjølv om eg  er død. Lev heller litt ekstra for meg» (Kristin Straume) Det er eit god  tanke å ta med seg. Tobias si glede over livet vil eg ta med meg og  leve litt ekstra for han. Eigentleg burde alle leve litt ekstra og vera  meir tilstades her og nå, då ingen veit kva som skjer i neste sekund,  neste dag.

Tobias elska livet sitt. Han vil eg sei levde  litt ekstra og absolutt her og nå. Han var ein god gut med omsorg for  dei rundt seg. Med sin store sjarm og humør spreidde han alltids masse  glede rundt seg og fekk seg lett nye vener. Han hadde og eit ekstra  hjerte for dei som strevde litt.

For å heidre Tobias og la  han få leve litt vidare, vil me lage eit fond. Pengar som kjem inn her  vil gå til ulike formål som hadde vore i Tobias si ånd. I hovedsak blir  det til barn og unge som treng det. På min instagram @bestohuset kan du  følge denne reisa om du vil.

Kva skjedde?

Tobias  hadde akkurat flytta på hybel og begynt på skule på Jæren. Sommaren med  traktor, jobbing og vener var over. Draumane og planane var klare.  Firhjulingen hadde han med seg nedover. Så var det og den som enda livet  hans. På ein veg der nede saman men nye, gode vener. Fine ungdommar som  plutseleg står i eit mareritt klarar å gjere alt rett, naudetar og  sykehus etterkvart. Dei indre blødningane var store og tross innsatsen  frå alle fekk ein ikkje redda Tobias sitt liv. Livet han såvidt var  starta på, men likevel eit innholdsrikt liv med masse kjærleik.

Mamma🧡